Blogg 

This blog is written in Norwegian. There will be a shorter version of it all in the menu Projects


EG TRUR


Prosjektet Eg trur tek mål av seg å visualisere og konkretisere  den personlege og individuelle trua, i ei  dystopisk tid. Eg vil takke Kunstsenteret i Møre og Romsdal for at dei har innlema  dette i  si prosjektveke. Og takk til Mottaketgjengen for at eg er ein av dei. 
Eg trur finn stad i Mottaket sine lokale i Torghallen i Ålesund sentrum i perioden 27.juni  - 13.juli.  Velkommen innom tirsdag - laurdag kl 11 - 17.

Dag 9
I dag har eg hatt besøk av 9 stk, pluss ein som ville selje meg maling. Det har vore mykje prat om Gud.  Sjølv om spørsmålet “Kva trur du på?” er meint å vere ope så knyt svært mange dette opp til om dei trur på Gud, eller ikkje.  Det som har prega alt snakket om Gud er at dei som har snakka med meg har alle vore svært avklart og tydeleg i høve kva dei trur eller ikkje trur på. Mange sikre folk. Så kva har eg lært i dag: Eg har fått eit lynkurs i Bahai av ei som har praktisert denne religionen i 30 år. Eg har høyrt om to ulike livsvegar som på ulike tidspunkt i livet har innehaldt kristen tru, men som ikkje lenger gjer det. Det har blitt tenkt høgt om truvedkjenningar. Eg har høyrt om skilnaden på religion og tru. 
Om eg hadde plassert dei ni personane i lag i dag og sagt “køyr debatt” så hadde det nok kokt. Der har måleriet ein styrke; ein kan plassere element ved sidan av kvarandre og trekke parallellar utan at det blir styr. 

Dag 8
Først ein samtale, så eit øyre, så nokre timar med Pantheon på lerretet, så ein ny samtale. 
Det er underlege dagar dette her.  Dei er på eit vis prega av alvor. Ikkje tungsinn og denslags, men ettertanke og seriøsitet.  Å male desse øyrene er rein utkopling. Handa går av seg sjølv, og vipps så har eg fått enda eit øyre. Enda eit øyre å lytte med. 

Eg er litt usikker på korleis det går med det lange måleriet, med den opne trusvedkjenninga. Det går litt trått og eg treng progressjon. Har lurt på om eg skal avslutte prosjektet med ei visning av måleriet den siste dagen, men eg må ha fått meir form på det om dette skal bli aktuelt.
Stay tuned..


Dag 7
Ein stille dag. 
Eg har lest gjennom alle samtalane eg har skrive ned. Materialet veks og her er minimalt med repetisjonar. Det kan sjå ut som om alle har si heilt eiga tru og at denne også går på tvers av eventuelle religiøse band. Når nokon sit og pratar med meg tek eg kortfatta notatar, og ein del stikkord. Men så har eg også folk som har sendt meg sine innspel skriftleg. Dei skriv eg av i boka mi. Når eg så går gjennom tekstane noterer eg og merkar av  det som gir meg visuelle assosiasjonar. Så dveler eg ved desse. Her er mykje materiale. Det er i ferd med å bli ei dyrebar bok det her. Eg tek den med heim frå Mottaket kvar dag.  Må liksom passe på den. Trusboka

Jobbar vidare med skissa av Pantheon. Ikkje gjort i ei handvending akkurat den der nei...



Dag 6
“Kanskje er det  slik at når svært mange menneske  trur på den same gud, så skaper dei gud gjennom all den krafta og all den energien dei i fellesskap opparbeider?” Dette var ein refleksjon eg møtte i ein samtale i dag.  Personen eg snakka med var ikkje religiøs men kjenner seg påvirka når ho er nær menneske som har ei sterk tru.  Denne samtalen i kombinasjon med ein annan tidlegare på dagen, med ein person som snakka om fysikkens lover og ei tru på at absolutt alt kan forklarast  gjennom desse, har fått meg til å tenke at kanskje det er slik det er.  
Mange er innom nettopp mennesket si rolle i det å skape ei tru. Og kanskje er den større enn eg har tenkt. Så no har eg begynt å skisse inn Pantheon i Roma, Alle guders tempel som det heitte frå starten. Eit arkitektonisk vidunder frå rundt år 120.  Det er i høgste grad eit døme på at mennske med sin kunnskap og sin trong til tru har skapt noko større enn dei sjølve. 

Dagen vart avrunda med ein times samtale med Øystein Voll, dagleg leiar ved Møre og Romsdal Kunstsenter, kring prosjektet mitt.  Takk til alle dei intenst lyttande personane som kom til Mottaket denne kvelden. Og takk til Øystein for at han var ein så god samtalepartnar. 


Dag 5
Litt om kunstnariske prosessar:
Det er mange måtar å seie noko på.  Ein kan seie rett ut klart og tydeleg det ein har klinkande klart for seg.  Eller ein kan gjere det motsette: Stille spørsmål ved det som ein sjølv stiller seg undrande til og stable undringane på intrikat vis slik at andre også kan undrast. I eit kunstnarisk språk har ein moglegheit til å kople saman ulik informasjon slik at verk kan tolkast, eller opplevast på mange måtar; ein kan hinte, understreke, overdrive, informere, forvirre og  fragmentere. 

Ein kunstnar har aldri kontroll over korleis mottakar eller publikum vil lese og tolke arbeidet, dette er etter mi meining er det noko av det mest interessante med å arbeide med kunst.  Gjennom å opne for ein dialog gjennom eit kunstverk legg kunstnaren grunnlaget, og så vil verket utvikle seg vidare i den personen som vel å stoppe opp ved arbeidet, og å gi det litt tid. 

Når eg no forsøker å gi  dei mange variantane av tru som eg får høyre om visuelle uttrykk så samlar eg først opp informasjonen i notatboka mi. Deretter leiter eg etter parallellar i alt innhaldet eg har fanga. Eg finn at fleire ulike innfalsvinklar til den same konklusjonen er svært interessant for meg. I dette skapast fleire dimensjonar. Eit konkret døme: Mange har fortalt meg  at dei trur på mennesket og på invividet. Fleire snakkar om menneska sine val og korleis vi kan gjere utrulege ting (på godt og vondt), og mange har snakka om  det gode i menneska. Eller dei har snakka om at vi menneske har moglegheit til å velje å vere gode, og at våre handlingar har ringverknadar. 

Så no grublar eg over dette: mennesket som er medvite og kan velje sine handlingar.....
...... og eg har idéar!



Dag 4
Bildet av Ivan Dujmusic og alle kaffikoppane er ein fin illustrasjon for den  fjerde dagen av Eg trur.  Mange har vore innom meg og snakka om trua si. På eit tidspunkt sat vi  4 - 5 personar der og delte refleksjonar i lag.  For første gong hadde eg ei heil gruppe der som alle hadde eit forhold til den kristne trua, men  likevel med ein viss distanse til  den.  Samtalane blir mindre personleg når gruppa er større, men det overordna blikket som no oppstod løfta fram nokre heilskapstankar. Mellom anna kom denne refleksjonen opp: Å ha tilhøyrt kyrkja har gitt meg ei forsåing for at eg som menneske er ein del av eit større bilete. Det er noko der som er større enn meg, og eg er ein av mange menneske. Dette er for meg eit viktig perspektiv å ha med meg.



Dag 3
Ny samtale i dag. Det har vore lite religiøse mennesker innom hos meg.  Truene som har blir skildra er heimesnikra konstruksjonar av samansette av personlege erfaringar sett opp mot tankar om det store og kosmiske. Til no har ni personar fortalt meg kva dei trur på, og alle er ulike. Men her er nokre parallellar; ein som slår meg er at trua vektlegg det det gode og positive. Det er kanskje logisk. Kven vil vel halde ut med ei tru som gir dei eit dystert haldepunkt i livet? Eller vent litt.....

Når det gjeld malinga så er der utvikling å spore. Sirklane er med vidare. Dei har mykje kraft i seg. Eg førsøker å skape samanheng mellom motiva som kjem bortetter. Det skal ikkje verte som ein serie med motiv etter kvarandre, men det lange maleriet skal kunne lesast som eitt bilde. Som ein heilskap. Det er i alle fall målet. 




Dag 2
I dag har eg hatt dei første gode og grundige samtalane om tru her på mottaket.  Først med ein person eg aldri har møtt før, deretter med mi gode veninne, Siv.  Vi har kjent kvarandre i snart tjue år, men vi har aldri før snakka om tru. “Trua mi er personleg” seier ho,  Eg  forsøker å manøvrere gjennom samtalane med age. Det er viktig å lytte godt. For det er som om folk prøver ut orda når dei ytrar dei. Det er som om tankane kring tru får form i det personen formar orda i munnen.  Og min jobb er å lytte og skape bilder.

Når det gjeld malinga så blei det ikkje så mykje av den i dag. Det vart sjølvsagt eit øyre. Og så har eg gått vidare med dei tre sirklane.  Ein idé kring akkurat desse er no i ferd med å ta form.  




Dag 1
Eg er på plass i Mottaket. Lokalet her to rom, eit brunt og eit kvitt. Eg har rigga meg opp i det brune, med tankar om at arbeidet skal vekse inn i det kvite.  Seks personar har fortalt meg kva dei trur på. Nokre har fortalt det til meg, andre har skrive det ned. 
Eg kjenner på at trua til folk er intim. Men dei deler likevel. Vi toler litt intimitet.

Når eg skal “varme” opp for ei maleøkt hender det at eg maler øyre mitt. Det gjorde eg også i dag. Det er ein god måte å få fargeblanding- og penselføringkoordinasjonen i gang på. Det er berre ei lita skisse, men eg heng den på veggen etterpå. Kan vere greitt å minne meg/oss på å bruke øyrene meir. 

Mykje av dagen i dag har gått med på å gruble over korleis eg skal gripe an sjølve maleprosesen her. Det er fort gjort å  hamne i illustrasjonsfella her. Men dette skal ikkje bli illustrasjonar. Det skal bli tolkingar av det eg blir fortalt. Eg har også eit ynskje om at motiva som utfaldar seg skal vere konkrete.  Slik sett er eg allereie ute å køyre sidan dagen munna ut i tre sirklar og eit øyre......

 




Pressemelding frå Kunstsenteret i Møre og Romsdal:

Årets andre prosjektuke er tildelt kunstner Trine Røssevold som vil gjennomføre sitt prosjekt i Mottaket prosjektrom i Ålesund i perioden 27. juni – 13. juli.

Røssevolds prosjekt JEG TROR tar utgangspunkt i et menneskelig behov for noe større enn oss selv, det som i våre kulturer ofte kalles en religion eller et livssyn. I religionen finnes et språk som konkretiseres gjennom dogmer, handlinger og ritualer, og som hjelper oss med å praktisere vår tro. Med inspirasjon fra dette språket ønsker kunstneren å undersøke om det er mulig å gi den menneskelige troen en handling og et uttrykk.

Røssevold vil jobbe ut fra påstanden «Jeg tror» og samtidig spørre besøkende til Mottaket og andre hun møter i løpet av prosjektperioden «Hva tror du på?». Røssevold mener mennesker i dag har behov for noe å tro på, med utgangspunkt i dagens mørke og dystopiske framtidsutsikter.

Eg har hengt meg opp i truvedkjenninga. Dei fleste religionar har ei slik. Den samanfattar innhaldet i trua og den skaper fellesskap gjennom at ein seier innhaldet høgt, og i lag med andre. Men det som fascinerer meg er sjølve handlinga; fordi den gjer den uhandgripelege og komplekse trua, konkret.

Kunstneren inviterer folk inn i Mottaket for å komme og se, og ønsker en dialog med de besøkende om trostematikken. Underveis i samtalene tar hun notater, som vil danne grunnlag for motiver hun vil feste til et langt lerret som hun skal jobbe med hele perioden. Målet er å undersøke om det vi tror på blir tydeligere for oss gjennom den maleriske prosessen og det etterhvert foreliggende resultatet. Kan dette i såfall sammenlignes med kirkekunstens oppdragende og tydeliggjørende funksjon?

Trine Røssevold har sin utdannelse fra Duncan Of Jordanstone College Of Art i Dundee, Skottland, og

Akademie Der Bildenden Kunste i Wien, Østerrike.

Møre og Romsdal Kunstsenters (MRK) prosjektuker er et konsept hvor man ønsker å la idéen om det kunstneriske arbeidsrommet smelte sammen med visningsrommet. For kunstneren er det en mulighet til å utvikle en idé i dialog med rommet, det aktuelle stedet og publikum. Det er mulig å besøke kunstneren i Mottaktet prosjektrom tirsdag – lørdag kl 11-17 i prosjektperioden.

Prosjektukesamtale: Torsdag 4. juli kl 19, Mottaket prosjektrom

Kunstner i samtale med daglig leder ved MRK